fredag 11. oktober 2013

Saman er ein mindre aleine - Anna Gavalda



Originaltittel: Encemble, c'est tout 
Forfatter: Anna Gavalda, oversett til norsk av Tove Bakke 
Utgjeven av Det norske Samlag i 2005
Sidetal: 612
Målform: nynorsk 

Eg veit egentlig ikkje heilt kva eg skal skrive, og iallfall ikkje kor eg skal byrje... Boka er delt i fem ulike delar. I byrjinga blir vi "kjend" med Camille og Franck. Eg veit ikkje om kjend er dei rette orda å bruke, for vi får vite særs lite om dei, men forstår fort at dei vil møtast. 
Dei bur i det same huset, Franck saman med leilighetforvaltar Philbert. Dei bur i den store leiligheta til Philbert si avdøde bestemor. Camille bur i eit lite kott på loftet. 

Camille jobbar som reinhaldar hjå TooClean, Franck er kokk. Begge med umenneskelige arbeidstimer, og begge utan familie og røter. Philbert har familie, og sterke røter i den franske historia. Han er ein snåling som sel postkort, og kan den franske historia i detalj og på rams. I tillegg stammar han, det einaste dei tre har felles er at dei er åleine. 

Sjølvsagt endar det opp med at dei bur i same leilighet. sjølvsagt blir det konfliktar når tre så ulike skal bu saman. Philbert er limet, og nok den som er mest ulik dei. Alle er avhengig av han. Litt etter litt blir historiene avdekte, og vi blir kjend med Franck si senile bestemor. Ho flyttar også inn, og Camille seier opp jobben som reinhaldar. Dei strever med å få døgnet til å gå rundt, og dei Knut sterke band. 

Camille drøymer om eit liv på landet, i eit hus med hage. Der ho skal teikne og måle. Franck drøymer om å få sin eigen restaurant, å bli sin eigen sjef, eller berre å kome seg vekk. Philbert ynskjer seg ei kone, alle får ynskja oppfylt, men korleis skal det gå når dei plutseleg er åleine...? 

Eg er redd for å seie for mykje, men likevel trur eg nesten alle har lese denne boka, og veit kva som skjer. Eigentleg er dette ei bok eg skyr som pesten. Bestseljar, med base i Paris. I tillegg er romantikk med i bilete. Og ikje inst, oversett til nynorsk. Eg elskar nynorsk, men likar sjeldan oversettingar. 

Men eg elska boka! Det gjekk omlag 4 døgn å lese ho. Dei døgna har eg også jobba opp til 11 t pr dag, og sove normalt. Men eg har tenkt på boka heile tida, og spunne historia vidare i hovudet mitt. Eg måtte vite kva som hende vidare. Eg har snakka mykje om boka, både med vener og med kundar på jobben. Eg har rett og slett gått oppi ho....

Det einaste minuset er at den går litt treigt i byrjinga, og eg vrir meg av og til av dårlege omsetjingar. Når du må lese ord tre-fire gongar, og gjerne høgt for å forstå, då er det dårleg val. Men dette gjekk faktisk ikkje ut over heilskapen av boka. Eg trur nesten eg kan seie at eg elskar boka! Eg skal verkeleg lese meir av Gavalda! 

1 kommentar:

Lena sa...

Jippi! Fin omtale. Det er kona til Ragnar Hovland som oversetter, om jeg ikke husker feil.