søndag 8. september 2013

Utfor - Sunniva Relling Berg



Originalitet: Utfor
forfatter: Sunniva Relling Berg 
Utgitt av Det Norske Samlag i 2011
Sidetall: 206
Målform: Nynorsk 

Lea skal byrje i 9. Klasse. Ho er skuleflink, eit matematikkgeni,  men utan vener. Dette er grunnen til at familien har flytta frå byen og til Ytsteøya, ytst mot havet. På øya bur det få menneske, og endå færre ungdom. I nabohuset bur åttandeklassingen Jonas saman med bestemora, nede i sentrum bur Arne, og søskena Mia og Mads. Mia skal gå i klassa til Lea. 

Dei fyrste dagane på øya blir Lea kjend med alle ungdomane, men ikkje samstundes. Dei nede i sentrum unngår Jonas, og han unngår dei. Men ingen vil fortelje kvifor. 

På skulen blir Lea inkludert i vennegjengen, men Mia står utanfor. Lea vil gjerne vere inkludert, men har sjølv vore utestengt og tek eit val om å prioritere Mia. Mia er vanskeleg å forstå seg på,akkurat som dei andre på øya Knut ho seg når spørsmåla blir for private. 

Lea forstår at det er noko som ikkje stemmer. Kva er forholdet mellom Lea og matematikklærar Brynjar? Kvifor er Jonas og bestemor utestengde? Kven er Bente? Kvifor skjelar Mads? Og kvifor vil ingen svare på spørsmåla...? 

Ei god nynorsk ungdomsbok! 

Ingen kommentarer: