fredag 2. september 2011

mitt bankande hjarte - alf kjetil walgermo


Tittel : Mitt bankande hjarte
Forfatter: Alf Kjetil Walgermo
Utgitt av Cappelen Damm  i 2011

Sidetall: 205

amanda er snart fjorten år og forelska. den nye guten i b-klassa, david, har mørkt krølla hår, spelar fotball og er den kjekkaste guten på skulen. han tronar øverst på kysselista til amanda. bestevenninda jenny har putta gekki på si topp10-liste.

jenny og amanda har vore bestevener i ei evighet, dei bur rett ved kvarandre og deler alt. utanom store puppar. dei er blodssystre.

amanda er gutejenta, ho likar å spele nintendo og har ein løyndom med far om å sykle minst fem kilometer kvar dag. då skal ho få ny sykkel til gebursdagen sin.

i byrjinga har amanda lite kontakt med david, men etter eit uventa møte på lokalbiblioteket heng dei meir og meir saman. amanda blir meir og meir forelska, og hjertet hennar hoppar. av og til hoppar det merkelig, og foreldra til amanda lurer på om noko er gale.

sankthans dreg ho på bryggedans saman med david og jenny. jenny vil på naustfest til gekki, det likar ikkje david. likevel føl han etter jentene. i naustet til lia-lars stoppar hjertet til amanda, ho blir sendt med ambulanse og på sjukehuset finn dei ut at ho har for stort hjarte. ho må transplantere.

korleis vil det gå med forelskinga når ho må bytte hjarte? vil ho framleis like foreldra sine, og jenny? vil ho framleis vere den gamle amanda eller vil det starte å gro skjegg på ho? vil ho døy medan ho står på venteliste?

i etterkant har eg fått vite at boka er anbefalt av LHL pga reell informasjon om hjarteproblem, eg anbefalar den óg! eg lærte mykje, samstundes som eg lo av dei gode fjortiss-skildringane. eg hugsar akkurat KOR forelska det går an å bli, strategiske planar for å få kontakt og dei såre augneblinka. korleis tankane svirrar når ein blir åleine. eg kjende meg også godt igjen i det å bu i ei lita bygd, der alle er kjenningar og rykta svirrar. boka var ferdiglest på ein dag, og eg vil gjerne ha ein oppfølgjar på korleis det gjekk med amanda og david!

2 kommentarer:

annkolaas sa...

Denne er rett og slett nydeleg!

Ingaplinga sa...

brukte den i timen i dag, først utdraget i txt-boka, og så fortalte e om boka. fleire som ville låne den, skulle nesten hatt fleire utgaver!
kjekt når e klare å engasjere om litteratur!