tirsdag 30. august 2011

søkeord: ayotzintli - marit kaldhol


Tittel : søkeord: ayotxintli
Forfatter: Marit Kaldhol
Utgtt av Det Norske Samlaget i 2010

Sidetall: 134

trist - trist - trist
men eg likar det!

marit kaldhol skriv om eit tabubelagt emne; sjølvmord.

boka er delt i tre. fyrste del tek vi del i mikke sitt liv, han set mykje åleine på kvelden. surfar på nettet etter informasjon, og skriv dagbok på datamaskina si. mikke går på vidaregåande, er avgangselev og russ. han bur saman med mor og idar, stefar.
far bur i sverige, lagar filmar og har lite med tid til sonen sin.
mikke har ein kjærast, siri. han er usikker på om han kan elske ho like høgt som ho elskar han.
mikke er òg støttekontakt for sverre som har downs. han er flau over sverre som likar store bryst, og gjerne snakkar høgt om det på bussen. han er ilter på sverre som tissar seg ut på kino.

mikke trekk seg meir og meir vekk frå omverda, og då mor og idar dreg på tur, låser han seg meir eller mindre inne...

del to får vi ta del i det mor hugsar. ho og idar kjem heim frå ferie, til eit hus i total einsemd. det er kaldt og stille, og ho forstår kjapt at noko er gale. inne på rommet finn ho mikke død, han manglar vistnok minst fem liter blod. bilteppet hans frå barndommen er ødelagt. kvifor? er spørsmålet.
ho tenkjer tilbake, minner frå fortid og spørsmål om kvar det gjekk gale.

i del tre er det fire brev, eit frå far, eit frå kameraten tore,  eit frå siri, som på slutten blei ekskjærasten og eit frå sverre.

dette likte eg godt, sjølv om den var frykteleg trist å lese. klarte ikkje legge vekk boka, den forsvant på få timar.
kaldhol er brutalt ærleg!
anbefalast verkeleg!

2 kommentarer:

Lena sa...

Det er som du seier, Marit kaldhol er brutalt ærleg. Frykteleg trist, men likevel nydeleg tankevekkjande. denne anbefalar eg alle å lese. Ein veldig fin omtale.

Ingaplinga sa...

takk!
e likte den kjempegodt, og skal virkelig anbefale den for eldre eleva! den e dødlig brutal...
vi fikk en pose med bøke til biblioteket i går, så no les e mitt bankande hjarte, kjekt med litteratur på nynorsk!