mandag 22. mars 2010

Min skjerm - på nynorsk

Hjartesmil har ein liten søk "konkurranse" på gang. Ta bilete av skjermen sin, eventuelt trykkje på PrtSc, leggje ut bilete og sende ein lenk til ho. Det bilete ho likar best vinn, enkelt og greitt! 


Eg les Hjartesmil fast, og tykkjer at det er ein fin blogg med både bilete og NYNORSK, som eigentleg er mitt hovudmål. Etter at eg blei bokmålslærar har eg berre halde fram med å skrive bokmål på fritida òg, av og til er eg usikker på om dette er rett... Denne, saman med Les Mye-bloggen som også er på nynorsk får meg til å forske ut nynorskverda igjen, og eg likar det på ein måte!

 Det passa seg kanskje særs i dag, då eg nett las ein reportasje i smp.no at elevane ynskja meir undervisning på nynorsk. Mine elevar er så pass "små", at dei så smått utforskar nynorsk litteratur. Eg las Vaffelhjarte av Maria Parr til dei for ei stund tilbake , dei tykte at den var bra, men at språket til tider var litt vanskeleg å forstå... Dei lo godt av forteljingane, eg lo godt av både forteljinga og den gode språklege leiken!

No vart dette innlegget plutseleg eit nynorsk innlegg, og ikkje eit innlegg om skjermbiletet mitt... Men så lenge eg sender link av berre biletet, så skal det nok gå greitt! Eg kjenner at nynorskskribenten i meg nok kjem til å ta ei lengre pause då det krevst meir tenking enn når ein skriv på bokmål... Dessverre...

---------------
Kva bilete har du på din bakgrunn?
Kva tykkjer du om språket nynorsk?

3 kommentarer:

Lena sa...

Heilt einig i at det krevst meir tenking når ein skriv på nynorsk (for oss som ikkje er vane med det altså). Eg tyr oftast til bokmål, (då slepp eg å stoppe opp og tenkje; Heiter dette det på nynorsk, leite i ordlista, nei, det heiter visst noko heilt anna. Og så er det enkelte ord det ikkje fell naturleg for meg å bruke. Til dømes oppseding. Ein oppsedingsroman?..)

Å skrive er å tenkje, og når eg skriv på bokmål tenkjer eg enklare. TV og media og "øydelagd" språket mitt, rett og slett.

Eg angrar fælt på at eg bytta til bokmål etter ungdomsskulen..

Ingaplinga sa...

hahaha, oppsedingsroman...

Eg hadde nynorsk heilt til eg kom til byen, då blei det litt vanskeleg å halde fram, særskilt når ein berre har barneskulen, og fint lite nynorskundervisning!

Men det stressar meg dessverre ikkje så alt for masse... Legg merkje til DESSVERRE...

liseliten sa...

Jeg har My Little Pony-bakgrunn, hehe. Masse pastellfarger, regnbuer og ponnier. Jeg er så barnslig!

Jeg syns nynorsk er en viktig del av den norske kultur og tradisjon, så jeg er en av dem som ønsker å ta vare på det. Derimot er jeg ikke helt komfortabel med å skrive på nynorsk selv, men syns det er fint når andre bruker det :)