torsdag 15. desember 2005

Svisj har blitt eit nålauge?

svisj er noko eg ærlig må innrømme at eg slår på når eg kjedar meg, der surrar musikken og eg kan drive mindless surfing i mi eiga hjerne istadenfor på nettet...
men i det siste har eg lest ein god del kritikk ang svisj og deira "utluking" av musikkvideoar. og spørsmålet er; er det kvalitet det som blir vist der da? og skal ikkje svisj vere sjåarens val, er det ikkje dei som skal få stemme og velje sangar?

viser til sidebrok sin nye video, som ikkje har gått gjennom nålauge, kvifor har ikkje den gått gjennom når idol-tone sin video har gått gjennom? den er jo ubeskrivelig dårlig! greit at dama er sjarmerande, og ikkje minst mange guttas drøm, men er ikkje dei staute karane frå hovdebygda sjarmerande da?

kanskje blir eg litt for objektiv sidan eg ser på meg sjølv meir eller mindre som ein "sambygding" til sidebrok, og har kanskje eit meir lokalt forhold til dei og deira musikk enn eit kjærleiksforhald til dei, men toppa dei ikkje svisjlistene i fleire veke med 1, 2, 3, fyre? og ikkje minst med rist med raua-videoen? den surra og gikk til alle tider då den var populær!

fansen til sidebrok driv no aktiv mailbombing til svisjredaksjonen om å få videoen spelt, men blir den godtatt då? trudde svisj-poenget var å tjene pengar eg, og då må ein jo spele det folket vil ha! har kanskje rota meg langt ut på viddene no, men...

skal vel kanskje ikkje klage sjøl; for ikkje syns e at sangen er så veldig bra, og ikkje har eg for vane for å stemme fram sangar; men meinar likevel at det folket vil ha bør vere det dei sender på svisj! uansett om filmen er "god" eller "dårlig" i svisjredaksjonens auge!

http://www.ballade.no
http://www.sidebrok.no

Ingen kommentarer: