søndag 13. februar 2011

ingen må vite - aina basso

http://www.google.com/m/search?site=images&source=mog&gl=us&q=ingen%20m%C3%A5%20vite#i=6

Ingen må vite er ein historisk roman. Året er 1734. Ingeborg bur på ein gard i ei fjordbygd saman med mor, stefar Gabriel og halvbror Peder. Stemninga innanfor huset er ikkje alltid like bra, og når mor dreg ut som barselskvinne hender uhyggelege ting.

Ingeborg går frå å vere born, til å bli ei ung kvinne. Ho møter Mikkel, og dei knyt sterke band. Men den uhyggelege stemninga i heimen til Ingeborg hindrar dei meir kontakt.

Ingeborg vert gravid, utanfor ekteskapet. Kven er faren? Kva utfall får graviditeten for livet vidare?

Eg likar boka godt. Ho tek opp tema dom kjærleik og blodskam. To tema som er like aktuelle i dag som i 1734. Eg nyttar boka i norskundervisninga, og dreg parallellar til tema i både RLE og s-fag. Sjølv om boka kan verke pompøs og litt draumande er elevane med. Dei kjenner seg igjen i overgangen frå barn til ungdom, dei kjenner den boblande kjærleiksfølelsen i magen. Heldigvis er blodskam noko dei ikkje kjenner på kroppen, men tema er aktuelt, spanande og engasjerande!

Eg anbefaler denne som høgtlesingsbok for ungdomsskuleelevar, og gjerne d forfattarbesøk i etterkant slik som vi planlegg!
Published with Blogger-droid v1.6.5

Ingen kommentarer: