torsdag 24. februar 2011

fange 59. taterpige - aina basso

når jeg først var igang, så måtte jeg nesten lese bok nr. 2 av aina basso også. dette er en voksenroman, fremdeles historisk, og også litt smålik i innhold. men jeg liker det!


Maria er 16 år. Ho er tater, omstreifar. Staden er Trondheim, og året 1749. Det å vere omstreifar er ulovleg. Maria og familien kjem frå kvarandre i flukta frå vekterane. Maria blir teken, og sett i tukthuset som straff. Her er ho åleine. Heilt åleine i ei ukjend verd og eit forholdsvis hardt miljø der omstreifarar har lågste rang.

Maria jobbar godt, og blir sett fri mot at ho tek teneste hos prost De Fine og hans sjuke kone. Prosten skal lære henne skriftene.
Her møter ho Josefa, ei tenestejente med fortid frå tuktuhuset. Desse to jentene knyt sterke band, men så kjem nevøen til prosten på vitjing. Dette skapar ei kløft mellom dei to tenestejentene.

Samstundes som vi tek del i Maria sitt liv hjå prosten, får vi glimt av livet som omstreifar. Samhald, familie og kjærleik er vesentleg her, materielle ting har dei lite av. Maria saknar sitt gamle liv, og kva skjer når ho får sjanse til å stikke av?

Boka har eit nydeleg språk, mange gode språklege bilete. Eg var med tidleg i boka, og har lese på senga kvar kveld. Boka har korte kapittel, og det gjer den ekstra "sengevenleg"! Basso er flink til å beskrive menneska, og etter å ha lese boka set eg igjen med ei kjennsle over å ha delteke i boka. Maria er på ein måte "min ven".

Tatera har alltid interessert meg, og skulle eg pirke på noko kunne eg gjerne tenke meg endå meir informasjon om livet på landevegen. Men det er kanskje dette som gjer forhistoria til Maria så spanande, kva livssituasjon var ho eigentleg i då ho blei teken til fange?

Eg ynskjer å vite meir om Maria, kva skjedde vidare?

Ei bok eg med glede kan anbefale!

2 kommentarer:

annkolaas sa...

No tenkjer eg det nyaste innlegget til Aina kom som bestilt;)

Ingaplinga sa...

haha, d passa me perfekt!
flott at e ser frem i tid, og kan stille spørsmåla før dei ukjende svara kjem ;)