Ho skriv alle blogginnlegga sine på nynorsk, det burde vel eg og eigentleg sidan dette er mi målform. Men etter at eg blei lærar på ein bokmål-skule blir det lite nynorsk og mykje bokmål... Litt trist sidan eg kjenner at mine nynorske ord forsvinn meir og meir... Eg tykjer det er FLOTT at folk vel å blogge på nynorsk i ein bokmålprega-nettverd. Hald fram med det!
Kanskje vil det kome fleire nynorske innlegg frå meg i framtida...
- om eg var ein farge skulle eg vera oransje.
- om eg var eit nummer skulle eg vera nummer EIN!
- om eg var eit dyr skulle eg vera ein nydeleg Rottweiler
- om eg var ein sang skulle eg vera den fantastiske melodien
- om eg var eit klesplagg skulle eg vera eit skjerf
- om eg var ein sko skulle eg vera ein converse på festival
- om eg var eit vær skulle eg vera vinden.
- om eg var ein kjent person skulle eg jobba for ei betre verd!
- om eg var midt i ein drøm skulle eg vera lukkeleg
- om eg var ei disney-prinsesse skulle eg vera Jasmin
- om eg var ein drikk skulle eg vera like energibringande som is-kaffi!
- om eg var ein type mat skulle eg vera like hot som taco
- om eg var ei årstid skulle eg vera sprudlande som våren
- om eg var eit fotografi skulle eg vera i klare farga
- om eg var ein blome skulle eg vera ei solsikke
- om eg var eit instrument skulle eg vera ei trombone
- om eg var ein smak skulle eg vera curry
- om eg var ei lukt skulle eg vera dior hypnotic poisen
- om eg var ei kjensle skulle eg vera positivitet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar