onsdag 9. april 2008

Vårteikn!

Har lenge gått å lengta etter våren, "vorspielet" til sommaren, mi favorittårstid!

Det har vore sol fleire dagar. Dette har ført til sommarfeeling for meg, utanom i dag tidleg da. Då var det kaldt og bilane hadde rim på frontruta, akkurat då var eg veldig godt nøgde med å ikkje bruke bil på jobb!

Bileta ovanfor et tekne på busshaldeplassen på Hoff på Ellingsøya. Det var mykje latter kring meg der eg traska i grøfta for å ta dei perfekte blogg-bilda. En kollega av meg tok bilete av meg, og meinte at eg var det perfekte bilete på vårteikn der eg kava rundt i grøfta med eit kamera...

Etter å ha tenkt, drøymd og filosofert om våren i dag slo det meg hardt her i kveld; du likar ikkje våren! Det er einsbetydande med vårprøvar = rettearbeid, karaktersetting = ekstraarbeid, eventuelle eksamenar = hysteri! Eg kunne ha ramsa opp endå meir, men vil ikkje bli meir depressiv...

1 kommentar:

mimita sa...

Våre ja, gud kor ej he savna den!

Her oppe he ej da innsett at d e KOS med måsane for engangs skyld, dei he jo vør vekk heile vinteren, så d e liksom sommerlyd, he he.

Veldig lyst å sjå det bilde ta dej som blei tatt, he he