onsdag 2. april 2008

Jakten på den forsvunnede timen...



Manglar framleis ein time. Ein merkbar time i manko!
Den siste veka har vore hard. Den byrja så fantastisk på måndag med hovudverk, kroppsverk og smerte... Etter vurdering blei eg heime, noko eg prøvde å få sympati for i førre innlegg.

I går drog eg på jobb, ein OK dag men var sliten når dagen var over trass i få undervisningstimar. Drog så heim til min kjære sambuar, vekte han og så tok vi turen til Moa der mora, systa og prinsessa venta. Amalie veks og utviklar seg mykje mellom kvar gong vi sjåast. Ho tyt verre enn dadda og finn på mykje sprell! Eg gleder meg til å sjå korleis ho veks til! Trur jenta vil bli ei bestemt seniorita etter kvart!

Då vi til slutt kom heim frå Moa, var kroppen trøytt og sliten! Det var godt å leggje seg oppi sofaen, men PC i fanget, tv i bakgrunnen og Mah Jong... Eg har STOR fascinasjon av spelet for tida...

I dag tidleg, som i går tidleg, var det GRUSOMT å stå opp... Den før-ultra-single-Inga har plutseleg blitt ultra-etablert-Inga, og har vanskar for å sove utan mann ved sidan av seg... I tillegg å byrje dagen med ein dusj som berre blir kaldare og kaldare gjer det heller ikkje noko betre! Henning kom heim sånn cirka då eg skulle reise, så mykje sambuarskap er det ikkje for tida! Gledar med til desse tre vekene er over!

Jobb i dag har og vore travel! Det har gått i eitt frå undervisninga byrja, til den slutta... Eg kjenner at ein heil dag utan større pausar kan vere TEMMELEG slitsamt! Anten er eg blitt gamal, eller så feilar det meg noko! Ti minutt etter endt undervisningstid er det tid for møte. I dag var det ikkje team-møte, men plangruppemøte. Det gjekk eigentleg mykje raskare enn eg hadde trudd, for eg var sliten i dag!

Eg trur det er denne timen eg manglar som slit meg ut. Eg hiv stadig etter å ta igjen denne timen, veit at det er umogeleg, men prøver! Eg veit dessverre ikkje kor eg skal ta den ifrå. Har prøvd det eine og det andre, men kome fram til at det får bli av EGO-tida... I dag skal eg leggje meg tidleg, rett etter Farmen og litt nyhende. Eg skal ikkje lese på senga, eg skal SOVE!

Eg skal ta igjen timen eg manglar, trur eg...

2 kommentarer:

Bea:) sa...

Stakar deg som har vore så sjuk å svak å dårli bak!! Håpe d går bedre me deg no:)

Uff ja, d e heilt forferdli å ikkje ha mannen v sida ta seg... Faktisk over et år sida sist eg sov aleine, så eg skal vel egentlig ikkje klage da...

Men ja, du?? Kor du spela Mah Jong da??? Eg finn ingen god versjon...

Yours sincerly
Bea=)

... sa...

http://www.gamefools.com/onlinegames/play/MahJongMedley.html