mandag 31. mars 2008

Inga; ein god familie-cocktail...

I dag blei det ingen jobb på meg...
Stod klar i døra, både med sko, jakke og veske, men kaldsveitta og var så kvalm at eg fann ut at det var like greit å vere heime... I tillegg hadde eg hovudverk/øyreverk, litt usikker på kva det er, men det er i området kring øyra... Men tilbake til i dag tidleg; eg angra nesten med ein gong eg hadde snakka med inspektøren i telefonen, for eg hatar å vere heime ein heil dag!!! I tillegg til at eg ikkje likar å vere heime, så har eg verda si dårlegaste samvit for IKKJE å møte opp på jobb! Eg er vand heimanfrå at uansett kor sjuk ein er, så skal ein gå på jobb! Det må vere dødsfall for ikkje å gå... Men eg har det siste året merka at dette ikkje går i lengda. Gjer ein det blir ein utbrent! Og i min jobbsituasjon, som lærer, så er ein nødvendig av å vere oppegåande. Difor er det betre å ta ein eller to dagar før ein knekk totalt og kanskje må ta ein månad!

Av og til fungera kroppen berre ikkje slik den skal. Eg kjende allereie i går kveld at det var noko som ikkje var som det skulle vere... Kroppen var tung og verka i alle ledd, og eg var kvalm... Eg var dødstrøytt, men fekk ikkje sove før seint utpå natta. Oppe i hovudet mitt dunka det kring øyra, og eg hadde mest lyst til å hyle ut min frustrasjon! Eg viste kor dette bar, men ville helst sleppe å tenkje på det! For på jobb skulle eg, utan tvil! For det verste som finst er jo å vere heime ein heil dag, i alle fall når ein ikkje kan gå ut...

I dag tidleg drog eg meg opp av senga, klar for jobb. Til og med nistepakken var med, men i døra stoppa det... Eg legg skulda over på familie og arv. Mor mi si side har eitt ledd med reumatisme og eitt ledd med hypokondri, og ei god blanding av desse to ledda, samt litt av pappa sine urolege genar så blir det Inga-cocktailen!

Det er rart å sjå kor lite som skal til for at ein liknar på sine foreldre...
  • Min tippoldefar var heksedoktor, er det rart at eg er ei heks av og til då?
  • Min bestefar(og alle andre på Tryggestadsida) har ein tendens til å vitje legekontoret titt og ofte, dit har ikkje eg kome endå, men føler dog at hypokondrien av og til set lett...
  • Min pappa er ultrasosial, når han føler for det, og kjempe usosial når han føler for det! Takk der er eg IDENTISK!
  • Pappa er også flink til å seie ja til frivillig arbeid, for å få arbeidet gjort sidan det er svært få andre som orkar å engasjere seg. Og dette er også noko som stemmer godt. Kvar gong eg har kome heim med ei ny oppgåve eller eit nytt verv så har mamma sagt; akkurat som far din!
  • Mamma og besta har leddgikt og er då reumatikarar, eg har ikkje gikt men eg kjenne ofte på kroppen, særleg i fingra, hofte og skuldra når det er noko på gang.
Når eg no les kva eg skriv, så tenkjer eg; Herregud så ein hypokonder og klagaskit. Noko eg er oppvaksen med å IKKJE vere... Gud så ein fantastisk cocktail eg er i dag! Eg synst ikkje synd på meg sjølv fordi eg sit her og kopar framfor PC og data. Eg prøver i alle fall å ikkje syns synd på meg sjølv... For eg har ikkje gjort noko fornuftig i dag! Eg har sove, men eg verkar framleis i kroppen... Eg har sove, men eg har framleis hovudverk. Eg har ete nistepakka mi med kneip og servelat. Men no skulle eg ha vore på butikken for å kjøpe brød til morgondagen og dopapir. Men med min gode arbeidsmoral så har eg ikkje samvit til å gå ut når eg har vore heime ein dag, heller ikkje for å kjøpe noko så viktig som dopapir. Difor held eg meg heller, og med min gode flaks blir dette blærekatarr!

Sympati-Inga takkar for seg :D

Ingen kommentarer: