fredag 7. mars 2008

Worst-case-senario...


... eit ord som passar meg bra...




Eg fekk for nokre veker sidan ei bok "Forbannelsen" av Catherine Mulvany då eg kjøpte Det Nye. Som ivrig og "altetande" lesar fann eg ut at eg kunne prøve å lese denne boka, sjøl om den nok ikkje appellerte så mykje til meg. Der tok eg feil! Fantastisk bok! Men det var ikkje det eg skulle skrive om no.

Ordet Worstcasesenario... Fantastisk samansett og herleg forklarande ord! Dette ordet finn eg SÆRS bekvemt! I boka gjekk dette ordet igjen, og til meir eg las det, til meir forstod eg at dette ordet var meg.

Eg er worstcasesenario.

Eg planlegg alt til den miste detalj, og veit alltid kva som vil verte det verste som kan skje. Uansett kva som skjer. Eg finn alltid noko som er verre enn det forferdelege som har hendt. Kvar gong eg, eller nokon i nærleiken av meg får motgang kan eg seie; Men tenk om ... då hadde livet vore ENDA verre!

Kvifor er eg slik?
Er det fordi eg er ein positiv person, eller er det fordi eg er ein kontroll-freak?

Lett blanding håpar eg...

Ingen kommentarer: