torsdag 27. mars 2008

Då skjedde det e hadde venta på...

Det fyrste som slo meg i går tidleg etter å ha høyrt og lest om den forferdelege ulykka som skjedde her i Ålesund var; Kva med Åkenesremna?

Vi som er oppvaksen i "grisgrendte" strøk, eller det o'vakre vestland veit at det er "ei fare" med å bu her. Vi veit at det er sprekkar i fjella kring oss, og vi veit at det ein gong kan skje, men vi tenkjer nok; Det hender ikkje meg... Dette gjeld nok spesielt dei som bur i nærleiken av Åkenesremna. Vi veit alle at remna ein dag vil kome, men ho vil ikkje kome så lenge vi bur i nærleiken? Vi kan ikkje gå å tenkje på den, vi kan ikkje vere redde 24/7. Det går ikkje an å fokusere på det som kan skje, ein må tenkje POSITIVT!!!!

Men dette er ikkje enkelt i dag, og det var heller ikkje enkelt i går... Eg har tenkt mykje det siste døgnet. Eg har fundert mykje... I dag tidleg forventa eg med dei fælaste oppslaga på nettet. Eg forventa meg eksplosjonar og kollaps, men vakna med overskrifter om at dei følte dei hadde kontroll. Det neste eg tenkte var; når kjem fokuset på at det kan hende igjen? Allereie i går var VG.no ute og konstaterte at her er mykje farefull bergområde kring ulykka, det kan hende igjen. I dag har DB.no ein link ute; Det har hendt før, Tafjordulykka, eg trykker fint på linken og blir møtt av fagre Hellesylt...

No er det i gong igjen...

Orkar ikkje tenkje så alt for mykje på dette i dag. Tankane mine går til dei sakna og familiane deira. *håpe-håpe* sjølv om det blir mindre og mindre for kvar time som går...

Ingen kommentarer: