søndag 18. november 2007

Tusen takk for no SAS, eller i alle fall Flesland Lufthavn!!!

Hel..... forb.... Flesland Lufthavn!!!
Måtte dei berre ......!!!

Alt går bra, vi er snart heime i Ålesund etter ein FANTASTISK førjulsferie til København. Berre ei mellomlanding i Bergen før vi skal ta flyet vidare til Vigra. Mellomlandinga vil vare i ca. 1,5 time.
Vi går av flyet, litt usikre på om vi må ut gjennom tollen for så å gå inn gjennom sjekken igjen, så vi spør ei DÅ hyggeleg dame. Ho sei, ja DE må gjennom, men ikkje bagasjen! (og det sa også den hyggelege mannen i skranken i Køben.)
Rett før vi skal gå ombord i flyet kjem det melding om at passasjerane Pedersen, Sporstoel og ...(?) må melde seg i SAS-skranken. Vi litt stressa sidan vi skal ombord på flyet og får så beskjed frå ei dame i skranken til Vigra-flyet om at vi ikkje har hatt bagasjen vår gjennom tollen, og får derfor to val:
1. Bli igjen i Bergen for å hente bagasjen
eller
2. Ta flyet utan bagasje.

Vi tek val nr. 2 og sit no derfor i Ålesund, utan bagasjen vår...
Utan julegåvene vi har handla inn...
Utan bileta frå torsdag og fredag.
Utan toalettsakene og sminka
Utan dei skitne trusene og sokkane...

Kven har glede av å fortolle dei?

Brann brenn sei berre eg!

1 kommentar:

Henning sa...

Tusen takk for en ellers super tur!!!