tirsdag 27. november 2007

årets straumlause; NETTBUSS

No er begeret fylt, no er det nok!!!
Atter ein gong klarer bussjåføren å tømme bussen for straum rett før avgang i rushtida. Å det med å berre stå med lysa på, og vente på neste avgang. Det er tredje eller fjerde gong dette skjer, på KORT tid!!!
Det verste er at vi sat på bussen frå øya og spøka om det, og Snorre meinte at det var den dårlegaste utro-unnskyldninga han hadde høyrt i heile sitt liv! Eg sel historia til høgstbydande, og eg kan garantere at det er grobotn i påstanden. Nettbuss sug...

Stygt å sei det, men eg vurderar sterkt å ta i bruk bilen min igjen.
For det er ikkje det einaste problemet eg har med bussen...

I fjor gjekk bussinga foooooooooooole OK som vi sei på indre sunnmøre. Ingen problem å ta bussen ti over halv åtte frå rutebilstasjonen. Bussen gjekk kvar dag heilt fram til Kverve, og miste du den bussen, så gjekk det ein ny kort tid etterpå!
I år har eg hatt ein litt lengre veg å pendle. Frå Skåthaugen, og det vil sei innanfor Moa og difor FÅ bussa tidleg om morgonen...
Og om ein buss korresponderer med bussen til øya ein dag, så gjer den GARANTERT ikkje det dagen etterpå... Enkelte bussjåførar er rett og slett livredde for gassen(Rykk meg fram!), og i tillegg prøver dei å køyre med handbrekk på, så er det ikkje så veldig effektiv køyring...

Til jul ynskjer eg meg tunnelbrikke!!!

PS: Må også få klage på den gongen bussen kjørte frå oss! Gjekk fire minutt før han skulle frå "tunnelhølet".
Flaks at ein er dus med bussjåførane på øya slik at dei svippar deg gjennom tunnelen. Hadde alle sjåførar ytt same service, eller i det minste smila når du kom inn på bussen, så hadde livet med ein gong vore mykje betre!
Det er godt å få sleppe å vente på bussen i ein time eller to. For det er ikkje så ofte bussen går frå den gløymde og gøymde bydelen; Ellingsøy.

Ingen kommentarer: