søndag 24. januar 2010




Fekk ein award med Leseløva på Les Mye-bloggen. Leseløva var kollega med meg i fjor og året før, og er eit fin-fint førebilete i forhold til bruk av nynorsk. Nynorsk er jo trass alt mitt hovudmål, men etter nokre år i storbyen Ålesund har eg meir eller mindre vaska vekk alle skriftlege orda på nynorsk... Men eg prøvar meg på nynorsk i dette innlegget!

Kriteria som følgjer med å få dennne prisen er

- Kopier awarden til bloggen din.
- Link til personen som ga deg awarden.
- Fortell 7 interessante fakta om deg sjølv.
- Velg 7 andre bloggera som du sender awarden videre til.
- Link til deira bloggar.
- Legg igjen ein kommentar i bloggen deira slik at dei får vite om denne awarden.

7 interessante (?) fakta om meg sjølv


  1. Eg har berre 137 dagar igjen i 20-åra. Dette er ein tanke som gjer meg særs skremd, sjølv om eg på ein måte har forstått at det nok ikkje blir dei største omveltningane i livet mitt, så er det småskremande!

  2. Eg budde heime hjå foreldra mine til eg var 19 år, etter det budde eg i kollektiv/studenthus i fem år før eg flytta heilt ålene for meg sjølv som 24,5 åring. Det var svært tungt ei stund....

  3. Eg tykjer at "Eg elskar deg" er så sterke ord, at det berre er ein person som har fått høre det frå min munn og det er min kjære!

  4. Eg har reist lite i barndommen, men etter at eg passerte 25 har eg vitja både Budapest, København(2 gongar) og Tyrkia. Om 6 dagar set eg meg på flyet til Thailand, og dette trur eg vil bli den største opplevinga i livet mitt!

  5. Eg har to mindre systre, dei er begge gravide og har termin omtrent samtidig. Begge får gutar. Alle tanteborna mine kallar meg for Dadda.

  6. Eg var så dum å byrje å røyke som 18 åring, men slutta då eg blei utfordra for nokre år sidan. Eg har framleis av og til røyksug, men etter eit trekk kjenner eg kvifor eg slutta.

  7. Eg er ekstremt flink til å prate "pjattprat". Svært få får ta del i mitt innerste inne, sjøl om mange trur det. Eg er open og imøtekomande, men innvier svært sjeldan folk inn i "the real me"! 

Mine utfordringar går til dei som ynskjer utfordringar!
Eg håper at flest moglege vil delta, og gjerne legge ein link til innlegget sitt her under hos meg slik at eg får lese!

1 kommentar:

annkolaas sa...

Eg synest du skriv særs bra nynorsk:)