tirsdag 15. juli 2008

Å leve i ei boble


For nokre år sidan hadde vi ein intern "ting" i vennegjengen.; Å beskrive livet sitt som ei boble.

Å det å leve i ei boble kan vere fantastisk, men og ganske så tragisk. I dag vil eg sei at livet mitt er ei rød-lilla boble, i spedd cappuccino- og latte-målingsflekkar. Det er godt, men og litt einsformig til tider. Det er nok berre no i denne målingsfasa livet er einsformig.

For dagen min den går i måling - måling - pussing - måling - blogging(eg er litt utro og er meir flittig med BB-bloggen enn den her).

Alle som kjenner meg godt veit at over tid blir eg særs stressa av vanar. Livet mitt er ikkje skapt til å vere normalt og einsformig. Eg har eit behov for endring. Det å måle kjøkenskåp for åttande gong appellerer dessverre ikkje heilt for meg. Eg er særs flink til å sløve, men det er ikkje alltid like einsformig som det ser ut til. Då FLYG tankane mine avgarde. Dei kan kome seg ganske så langt vekk frå kvardagens harde liv. Dette er terapi for mi sjel. Gjev du meg ei bok i tillegg, då er livet topp! Eg er flink til å leve meg inn i andre handlingar, ofte tek eg dei med meg inn i kvardagen og.

Men tilbake til behovet for endringar, snarlege endringar;

Eg er no snart klar til å flytte inn eg. Eg sei ikkje nei takk til å møblere og dekorere no nei. Eg har LENGE planlagt det. Eg veit korleis eg vil ha ting, og eg MÅ då prøve det ut med ein gong. Eg berre gjer det. Enkelt og greit.

Ein ting eg kan konkludere med; vi e halvvegs i månaden, det er ikkje lenge igjen :D

1 kommentar:

Bea sa...

Kryssa fingra å tær for at ting går fort framover:)