søndag 2. mars 2008

Veskemani...


Då var leilegheita i Prestegata tømt, og eg bur 100 % i Kirkegata!
Har kasta mykje, men veskene mine går aldri i boss... Her på bilete er eit lite utval av dei. Prøvde å vere litt smart, for at min betre halvdel ikkje skulle sjå galskapen, og pakka 5-10 vesker i ei veske slik at det ikkje skulle sjå ut som om det var så mange vesker. Men for å vere ærleg, så trur eg at han blei skremd likevel... Når sant skal seiast, så er det nok berre 1/3 del av veskene her i Ålesund, resten ligg igjen på Hellesylt...

Eg drøymer no om eit eige veskerom, men det blir det nok ikkje noko av. Pønskar for tida på ein smart måte å oppbevare alle veskene, slik at dei tek minst mogleg plass, og at eg får mest mogleg kontroll over dei, slik at eg kan bruke dei jamt. For bruke dei det gjer eg, så lenge eg har kontrollen...

Om ikkje blir det vel litt Fretex snart... sukk...

Ingen kommentarer: