søndag 4. november 2007

¨vekke min skjulte hooligan...


Eg var på kamp i går, AaFK - RBK, resultatet treng vi ikkje rippe opp i, men alle var samde i at det var eit flott arrangement og ein fin slutt på ein legendarisk sesong for AaFK. Dei held seg i tippeligaen for fyrste gong!!!

Har vel eigentleg ikkje våga å engasjere meg så mykje i fotball på høgt plan, har heia på Sunnylven i alle dei år, og det har vore nok for mitt sarte hjarte! For ein ting som gjer at eg kan bli kynisk, frekk og utilrekneleg er fotballkampar, til nærare innpå kampen eg kjem til verre blir det!
I barndomen blei eg forvist frå tippekampen ein laurdag, då pappa rett og slett blei redd for stova sitt inventar. Det var betre for meg å sitje på loftstova der både tv og møblement var gammalt og slitt...

Det at eg endeleg kom meg på AaFK-kamp i går var nok at min betre halvdel er ihuga RBK-tilhengar og sjølvsagt skulle på kampen. og kven vil vel ikkje provosere litt med å heie på motsett lag? Det beste lag? Dei oransje og blå! Og når ein i tillegg har to gratisbillettar så kan ein nesten ikkje la sjansen gå i frå seg, så kamp blei det, koste kva det koste ville!

Då kampen byrja var eg veldig rolig, og tenkte; Her må eg halde meg kald og roleg, prøve å ikkje engasjere meg så alt for mykje. Eg hadde allereie engasjert meg litt for mykje då den lille søte jenta med AaFK-flagget kom inn på bana...
Då RBK blei presenterte bua heimepublikum, å eg kjende at eg rett og slett blei litt flau, tenk at det går an å gå så langt ned da var tanken som slo meg! Å bue så kraftig er jo negativt og viser; vi vil ikkje at de er her. Men kor engasjerande hadde det ikkje vore om det aldri hadde vore nokon motstandarar på banda... Oh-la-la sei bare eg! Da hadde det i alle fall vore uengasjerande og uaktuelt å gå på kamp. Så tidleg i kampen går det an å vere så pass oppegåande og lite barnslege at ein heller kan klappe så vidt enn å bue.

Men så snart dommaren(som var veldig dårleg) hadde blåst i fløyta var det ei uro som kom i kroppen min... Ein del ord kom snikande ut munnen min, utan at eg hadde planar om det. Eg song med på songane, tross i at eg ikkje kunne alle tekstane. Eg kjende at eg var klar for å investere i både flagg og drakt, og kanskje eit medlemskap i Stormen. Då eg flytta til Ålesund dreiv eg faktisk å vurderte å engasjere meg i anten Stormen eller i Teaterfabrikken, to motsetnader med begge kjekke og engasjerande. Men som ein typisk sofavenn så har eg nok ikkje engasjert meg enda...

Det gjekk veldig greit inntil RBK fekk fyrste mål, då kom det plutseleg opp fleire RBK-skjerf på Stormen-tribunen, og kven veit vel ikkje at det ikkje er lov??? Det står til og med på www.aafk.no! Dei som står på stormentribunen brukar berre, å eg understrekar BERRE AaFK-effektar, ikkje så veldig rart spør du meg. Og motsett er regelen; dei som står på bortesupportertribuna brukar berre effektar til sitt lag, ingen oransje og blå der. Veldig enkelt sånn eigentleg...

Eg snur meg til kjetta med skjerfet som står nærast meg å seier;
- Du fjern det skjerfet fort, du veit at det ikkje er lov. - Ja, men... De e jo mytji oransj og blå hær uansett. - Det gjer ingenting, det er ulovleg og det veit du og. Fjern skjerfet før eg gjer noko med det!
- Du går væll å klaga du då? seier kvinnemennesket litt frekt.
- Ja, det gjer eg lett! Svarar eg frekt tilbake, og dama tek det til etterretning! Flaks for ho sånn eigentleg...

Etter denne hendinga var det ikkje Ingebjørg som var på kamp, men då var det Hooligan-Inga. Ho som berre kjem fram når ho er provosert, engasjert og på kamp!
Ho som aldri skulle syngje; La han dø, syng plutseleg La han dø for fulle muggar.
Ho som aldri skulle rope teite ting etter dommarar roper; Treng du å låne brillene mine?
Ho som aldri skulle kalle spelarane til bortelag noko seier ting som faktisk forblir sensurert her og. Men mykje av lærdommen som kom i barneåra kom plutseleg fram, det inneber både teikneseriar, kyr og skodespelarar, samt mindre fine fraser...
Ho som aldri skal vere aggresiv mot supporterar frå anna lag klare å kløne ut av seg, ikkje mot personen, men slik at han/ho høyrer det godt; Ser eg eit RBK-skjerf så er det ikkje lenge til det enten er i fyr og flammar eller ligg langt vekke frå denne tribuna...
Ho som kasta jakka sjølv om det var kaldt og fælt.
Ho som tok vare på confettien
Ho som tok bilete av både rakettar og alle tribunevinklar...

Heldigvis er dama forsvunne i dag, i dag er det berre Ingebjørg igjen.
Ho som i dag frys, tross i at ho er inne og med pledd...
Ho som har litt vondare i halsen enn ho hadde før klokka var seks i går.
Ho som garantert kjem til å gå på fleire kampar til neste år!
Ho som vurderer å engasjere seg meir.

- og ho som er litt flau over oppførselen til sitt alterego...

Ingen kommentarer: