fredag 9. november 2007

Dei sju dødssyndene...

Kva er eigentleg så stort med å bevisst bryte dei sju dødssyndene når ein faktisk nesten kvar dag bryt dei, ubevisst...

Hovmod - superbia
Kven er ikkje betre enn nabo'n når det gjeld å måke snø eller klippe plen?
Kven er ikkje betre enn sidemann i klasserommet til å lage overskrifter?
Kven har ikkje finare klede enn dei andre i gruppa?
etc-etc-etc-etc...

Griskhet - avaritia
- Alle tenkjer på seg, det er berre eg som tenkjer på meg.

Begjær - luxuria
- Ha-ha, treng eg kommentere det? Alle begjærar noko eller nokon, uansett!

Misunnelse - invidia
Kven har aldri ynskt seg noko som ein annan har eller noko ein har sett reklame for?

Fråtseri - gula
Kven har ikkje tre eller fleire val når ein skal ete frokost?

Vrede - ira
Kven har aldri vore sint, irritert, opphissa, harm eller har hatt eit raseri på gang?

Latskap - acedia
Kven har ikkje vald sofa framfor husarbeid ein gong i livet sitt?


Eg må ærleg innrømme at eg likar å sjå på Kristopher Schau sitt program på torsdagskveldane. Det er god underhaldning på seine kveldar når ein aller helst vil at klokka skal gå. Det er kanskje ikkje alltid det smartaste som hender, men det er latterleg komisk at nokon utsett seg sjølv for hendingar som det der!
Kvifor skal folk orke å engasjere seg i kva som er bra og kva som er dårleg? Så lenge Schau går gjennom det han gjer, så syns eg gjerne at han skal få sendetid. Det er ikkje vansklegare for oss sjåarar å "switche" over på ein annan kanal om vi så absolutt ikkje vil sjå!
Eg gledar meg allereie til neste episode, eg hintar her: http://www.kjendis.no/2007/11/09/517717.html

Ingen kommentarer: